Hornnesmarsjen til søndag!
Postet av Otra IL den 31. Aug 2022
Den tradisjonsrike Hornnesmarsjen blir arrangert for 45. gong nå søndag 4/9, i idylliske Dåsvannsdalen i Hornnes.
Marsjen går ut frå Hornnes barneskule, og går i lett og greitt terreng oppover Dåsvannsdalen. Han er tilrettelagt for barnevogner og rullestolbrukarar. Ein kan gå tre lengder, ei løype på fem km som går opp til Kallhovd og tilbake, ei på 11 km der ein snur på Støylen og ei på 17 km som går heilt opp til Uleberg før retur. Alle løypene har rasteplassar undervegs. Det vert delt ut medalje eller pins til alle deltakarar.
Starten er altså frå barneskulen på Hornnes, kl. 08.00–10.30 😄
#hornnesmarsjen #geirdaasvatnfoto
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.